BÅTPLASSAR I FURUHOLMEN

Florø seilforening sit bryggeanlegg ligg ytst i Furuholmen Båthavn. Her har vi to brygger i samband med seglsportanlegget. Foreninga kan legge ut fleire plassar i eiga hamn. Vi har plassar med 8 meters utriggar klare for omgåande levering. Dersom det er ønskje om 10 meters utrigg kan vi klare å ha ein båtplass klar i løpet av max 2 månader.

Bryggene

  • Bryggene er leverte av Vik Ørsta
  • Gangbar utriggar på begge sidene av båten.
  • Utriggane har integrert fendring.
  • Eige straumuttak med målar på kvar båtplass
  • Vatn på kvar brygge

Leige / Kjøpe båtplass

Du kan kjøpe ein eksklusiv leigerett til ein båtplass, lik det ein gjer når ein kjøper ei leiligheit i eit burettslag, ved å betale eit innskot til Florø Seilforening. Når du vil selgje båtplassen får du igjen innskotet med tillegg av prisstiauken (KPI) sidan du kjøpte. Du skaffer sjølv ein kjøpar eller kontaktar ein som Florø Seilforening har på venteliste. Denne overtar din leigerett og inngår ny kontrakt med Florø Seilforening på dei vilkåra som då gjeld for båtplassane. Du kan ikke selgje leigeretten din til høgstbydande og det er Florø Seilforening som fastset prisen som nye leigetakere må betale for leigeretten.

Prisar

  • Ein plass med 8 meter utriggar og 4 meters breidde ca. kr 128.000 våren 2016
  • I tillegg til innskot kjem årleg leige pr breiddemeter, p.t. kr 1.100 pr breiddemter

Kontrakt og fullstendig pris kan sendast over ved forespørsel. Har du spørsmål send ein SMS til 481 52 323 med evt. e-postadresse. Kontaktinfo.

Retningslinjer for bruk av strømuttak i bryggeanlegget.